Hjerteleg velkomne til

Gryta Camping

 

"Best location for a campsite in Norway"

ACSI Awards 2024


Eventyrleg vakkert ved Oldevatnet.

Nyoppussa sanitæranlegg og hytter. Fargerikt interiør til å bli glad av.

Gratis båt og sitontop kajakk. Forfriskande isbading året rundt!


Nydeleg plass å finne kvilepulsen, og flott utgangspunkt for fjellturar.
Kort veg til Briksdalsbreen, Yrineset, Loen Skylift, Via Ferrata Loen og Stryn.



Ativitetar på campingen

Gratis sitontop kajakk, båt, kano og trøbåt. Redningsvestar og padleårer til utlån i resepsjonen. Bading og fiskeplass. Bålpanner til fri bruk, leikeplass med trampoline. Eit par sosiale geiter som gjerne sler av ein prat.

Fjellturar i Oldedalen

Gryta camping er startpunktet for turen opp Gytridalen til Storesteinen og Gytrifossen. Gratis parkering ved resepsjonen. I Oldedalen finn du elles mange fine fjellturar. Turtips og kart får du i resepsjonen. God tur!

Attraksjonar i nærleiken

Kort veg til kjende attraksjonar som Briksdalen, Yrineset, Loen Skylift, Via Ferrata Loen og tettstadane Olden, Loen og Stryn.

I eitt med naturen

På Gryta camping kjem du tett på naturen. Campingen er eit godt utgangspunkt for både store og små fjellturar, og ein nydeleg plass for berre å slappe av og gjere ingenting. Herleg også med rotur på vatnet, fiske ved elva eller å ta eit forfriskande bad i brevatnet.

Fasilitetar

kitchen ,cabinet ,furniture ,cabinets

Kjøken

Eige rom med kokeplater og oppvaskbenk. Spisebord både inne og ute.

Washer

Vaskerom

Vaskemaskin og tørketrommel. Polettar og vaskemiddel får du kjøpe i resepsjonen.

Toalett og dusj

Toalett, dusjar og handicap toalett i hovudbygningen. Polettar til dusj får du kjøpe i resepsjonen.

Stellebord

Dette finn du på handicaptoalettet.

Tømmestasjon

Eigen tømmestasjon for bubiltoalett, samt drikkevatn tilgjengeleg for påfyll.

Hjertestarter

Hjertestarteren finn du i resepsjonen.

Følg oss på Instagram

#grytacamping

Share by: