Sjarmerande sommarhytter
Fem flotte hytter med svært god standard, og fargerikt interiør til å bli glad av.
Kvar hytte har eigen uteplass med nydeleg utsikt. Gratis båt til alle gjester - redningsvestar er påbudt, og desse får du låne ved resepsjonen. Fin fiskeplass og bålpanner til felles bruk ved elva. Sauna og isbading. Nysteikte brød og rundstykker i resepsjonen på bestilling kvar morgon. Gratis Wifi.
Innsjekk etter 15.00, og utsjekk før 12.00. Ta kontakt ved andre ynskjer. Kjæledyr er også velkomne.
Hytte med dusj og toalett
Hytte for 1 til 6 personar. Koseleg stove med kjøkenkrok og spiseplass. Eit soverom med 2 doble og 2 enkle køysenger. Ny sovesofa i stova med plass til to. Eigen dusj og toalett i hytta. Gratis båt og wifi.
Hytte pr døgn | 1900 Kr |
---|---|
Sengkle pr stk | 100 Kr |
Sluttvask (valfritt) | 400 Kr |
Hytte med tilgong til felles dusj og toalett
Hytte for 1 til 5 personar. Koseleg stove med kjøkenkrok og spiseplass. Eit soverom med 3 enkle og 1 dobbel køyseng. Ny sovesofa for to i stova. Kort spasertur til dusj og toalett i hovudbygningen. Gratis båt og wifi.
Hytte pr døgn | 1400 Kr |
---|---|
Sengkle pr stk | 100 Kr |
Sluttvask (valfritt) | 300 Kr |