Camping med kvilepuls

Camping er i år open frå 15. april til 1. oktober. Både drop in og online booking for alle camperar.


Inkludert i prisen er gratis utlån av sitontop kajakker, kano, trøbåt og båtar. Fint fellesområde ved elva med bålpanner og fiskeplass. Sauna og isbading. Opphaldsrom ved resepsjonen med TV, brettspel og bokbyttekrok. Kiosk med is, brus, kaffi og basisvarer. Nysteikte brød og rundstykker kvar morgon. Kjøken, vaskerom, toalett, dusj og handicap toalett med stellebord i hovudbygningen.  Wifi, tømmestasjon for toalett og gråvatn, samt påfyll drikkevatn er også inkludert.


Vi har 100 nummererte oppstillingsplassar for bubil, campingvogn og telt. Alle desse plassane er romslege og minimum 8,4 m breide. Maks breidde for telt, bubil og campingvogn med markise er 4,4 m, slik at vi held 4 m til naboen. Alle dei nummererte plassane har straum, ogi tillegg har vi eit stort ope område G med god plass til telt og bil utan straum. Vi har også 4 flotte plassar tilrettelagt for hengekøyer ved elva og vatnet.


Vi gjev 10% rabatt til medlem av NBCC og Norsk Bobilforening, og har makspris på 27 Euro til gjester med ACSI- kort frå 1. mai til 15. juni og 19. august til 30. september. Gyldig medlemsbevis må visast fram ved ankomst.


Hjerteleg velkomne!

Camping nummerert plass Inkl. 2 personar 420 kr
Straum 50 kr
Bil m/ telt område G Inkl. 2 personar 340 kr
Bil område G Inkl 2 personar 290 kr
MC m/ telt område G Inkl 1 person 260 kr
Ekstra telt område G 120 kr
Pr ekstra vaksen 30 kr
Born under 18 år gratis

Trykk på bildet for høgare oppløysing